Diskusjon Triggere Porteføljer Aksjonærlister

Tekinvestor Kaffideal

Shopify ja, dei har eg høyrt om før - skal sjekkast ut!

Gøy med nye lokale bedrifter her i sogn :slight_smile:
Er kansje på tide å skifte ut koffeifri pulverkaffen min :yum:

5 Likes

Kom innom når eg er i gang. Du kan bli ein fantastisk frontfigur:

Før Sognefjord Kaffibrenneri drakk eg kun pulverkaffi, no har eg sett lyset og eg har fått eit nytt syn på livet!

:slight_smile:

5 Likes

Kjenner at eg lever, har brukt mykje spenn på å bestille kaffi frå det store utland. Forventar levering til Oslo i neste veke, brenner vareprøver og kaffi til førehanddsalet til helga! Framtida og ryktet på spel, eg går all in.

Stikkord: Kenya, Honduras, Guatemala, Brazil. More to come! :slight_smile:

10 Likes

Ser frem til pakke fra Sognefjord Kaffibrenneri! Faller den i smak vet jeg flere som vil ha!

2 Likes

Ser at jeg er alt for sent ute til Tekinvestor kaffideal, sløvt… men kan jeg fortsatt bestille på den forhåndsbestillingslinken og så få tilsendt i juli??

1 Like

Jess, det er heilt supert! Berre lekkert. :slight_smile:

1 Like

Flott @lassar! Jeg slenger inn en bestilling når jeg er tilbake fra ferie som sagt :slight_smile:

2 Likes

Set pris på det! Nyt ferien din! :slight_smile:

1 Like

Ok, done! :yum:

1 Like

Skulle gjerne hivi meg på men jeg har ikke kvernmaskin og er all in i Funcom :joy:

1 Like

Etter xbox skal eg selge deg ei kvern til forhandlerpris :wink:

2 Likes

#Breaking news! :smiley:

Innovasjon Norge sin saksbehandlar ringte meg på fredag, og kunne opplyse om at IN løyver 500 000,- til prosjektperioden på 10 månader. Dette forutset riktig nok at eg klarar å skrape sammen 100 000,- ekstra i eigenkapital, men det ser eg føre meg at eg klarar å løyse! :smiley:

Det her er så utruleg mykje vekt av skuldrane. Fantastisk å sjå at noko eg har lagt så mykje energi i, no skal begynne å ta form for alvor! Dette gjer det mogleg for meg å:

Jobbe fulltid med prosjektet (Ein del av midlane har dei løyvd spesifikt til lønn). Noko som betyr at eg ikkje lyt jobbe med andre ting for å tene penger (er no inn i min 6. månad utan lønnsinntekt).

Treng ikkje vente på at selskapet genererar penger før eg begynner å opne pengeslusene --> Gjennomføre god marknadsføring, betale for webside, webshop, evt reklame, reise, produktutvikling, designjobber, sertifiseriengar, nytte betre utstyr, skaffe espressomaskin. ++++

Betre cashflow, treng ikkje bekymre meg for at eg ikkje klarar å betjene lån og andre utgifter som måtte oppstå… ++

ALT ER BRA I VERDEN!

22 Likes

Samandrag / tl;dr:
No er lageret fult av kaffi, kosar meg med mi nye La marzocco espressomaskin og kaffikvern som kostar meir enn bilen min. Lista over ting som må gjerast er lang og ting går veldig fort i svingane.

Det vil også sei at eg har mulighet til å sende ut kaffi til dei som har bestilt. Men etikettane, info om kaffi og den type ting er ikkje ferdig. Det kan være hjelpsomt for meg å få litt meir tilbakemeldingar frå folk. Sjølv om eg veit at kaffien er god, held bra kvalitet, er brent på bra vis, så vil eg gjerne ha meir kunnskap om kva folk likar og set pris på, då smak er såpass individiuelt. Spesielt om du ikkje har vert borti spesialkaffi før. Dersom du har bestilt og ønskjer å prøve ut kaffien no fortløpande, så send meg ein PM!

Kort om kva som er på lager nu;

Brazil - (Mogiana) - Norges mest sjokoladeaktige espresso?
Som filter er den som ein “klassisk” kaffi. Likar du svart kaffi fra trakteren i Norge, så likar du garantert den her. Like smakar, berre fersk og betre.
Har holdt igjen på syrlegheit i brenneprosessen.

Honduras - Organic Marcala (økologisk, ikkje sertifisert). No begynner det å bli meir spennande. Den er brent ein god del lysare, er meir fruktig og syrleg enn klassisk brazil kaffi. Plomme-aktig, sjokolade, søt syrlegheit.

Guatemala - Huehuetenango.
Som vi seier her på vestlandet “Det er jordsmonnet i Huehuetenangoregionen, på grensa mot Mexico som gjev kaffien sin balanserte kropp og lette syrlegheit. I opp mot 2000 meters høgde har kaffien fantastiske føresetnadar for å utvikle ei kompleks fylde”. Neidå. Men jo, det er bra kaff…

Kenya - Kirinyaga; The slopes of 8
High-end kaffi, brent endå lysare. Likar du Supreme Roastworks / Tim sin kaffi, så vil det her være ekstra snadder. (Altså, dei andre er bra og, ikkje missforstå).

I tillegg har eg ein blend; 70% Brazil, 30% tenkt for espresso. 30% guatemala gjer den litt meir livleg og syrleg enn 100% Brazil.

Om de vil vente til innpakking er litt meir på stell, eller om de vil ha kaffi no, pronto - heilt opp til dykk :slight_smile: Kaffien er rykande fersk og god.

6 Likes

“Få det ut til markedet”
Seier bissnissrådgjevarane.

Så det gjorde eg. Førsteutkast til etikettane har komme på dei første pakkane no, sender ut til dykk som har bestilt snart - ventar på ei forseglingsmaskin slik at eg kan poste.
(Og arbeidskapasitet, lange dagar, lite øl og RT Funcom fosds!)

Melissa stiller såklart som modell:

Ein ting som slo meg no i siste liten, er kor stort spelerom ein har når det kjem til å presantere kaffien, konsept/navn, fokus på det lokale? Fokus på kaffien/bønnene/opphav/dyrking?

Sognefjorden - Huehuetenango, guatemala.
Sognefjorden Espresso - Mogiana/Brazil + Huehuetenango/Guatemala. (Blir nok den einaste blenden.)
Drengen - “Slopes of 8”, Kirinyaga/Kenya lysbrent.

Det blir nok mykje fram og tilbake, og ei utvikling i både utvalg og etikettar.

Kjekt er det no hvertfall :slight_smile: No skal eg puste litt, ta meg ein øl og drite i skrivefeila og fargefeila eg fann etter at eg fekk tilbake klistermerker frå trykkeriet.

21 Likes

Dette så bra ut @lassar. Gi beskjed når kaffen er klar så tar jeg en “6 pack”… :blush::+1:

2 Likes

Will do! Prøvar å jobbe unna det som må gjerast her lokalt no, kjem snart!

1 Like

Ser meget bra ut! Følger dama med på kjøpet om man kjøper en pall?

6 Likes

Ser veldig bra ut! Lykke til Lassar:)

1 Like

Gleder meg!!

1 Like