Diskusjon Triggere Porteføljer Aksjonærlister

Hyzone Motors Inc

Lager ein ny tråd om Hyzone Motors Inc som nyleg gjekk på børs via Spac (dcrb).

I mine auger eit spennande case for dei som trur på hydrogen innan “heavy duty segmentet”. Selskapet har jobba med å produsere brenselceller sidan 2003 og har i motsetning til Nikola og andre nyare aktører allereie bilar på vegen både i USA, Asia og Europa. Dei fokuserer på kjerneteknologien sjølv og brukar etablerte aktører innan bilindustrien til å produsere meir “mainstream” delar.

Merger gjekk gjennom i juli 2021 og aksjekursen er sendt ned over 30 % sidan då. Eg har plukka opp ein lyttepost her og har trua på at selskapet vil ta sin del av kaka framover. CEO Craig Knight framstår som ein kunnskapsrik og driftig type og selskapet har fornuftige vekstambisjonar.

Vil anbefale eventuelt interesserte å sjå intervjuet med Trailblazer kor CEO gir eit godt innblikk i historikken til selskapet, korleis dei jobbar i dag og framtidsutsikter.